Hytte på Voss er ikkje langt unna
Fritida er dyrebar. Du vil heller vera på ski eller i hyggeleg samvær rundt hyttebordet, enn i bilen over ein fjellovergang. Hytta er for mange ein heim nummer to, og det skal vera komfortabelt og praktisk. Usjenert og landleg, men likevel sentralt. Akkurat som i Voss hyttegrend! berre eit kvarter frå Voss sentrum.
Rett ut i løypene
Voss sitt svar på Nordmarka står det på heimesida til Voss Ski- og tursenter. Voss Hyttegrend utviklar område i Bordalen-Skutle-Vikesåsen med unike hyttefelt tilknytt skianlegg, løyper og turområde. Eit frittliggande sentrumsnært eldorado som blir til eit brukar- og miljøvenleg fritidsområde.
Om vinteren vert det preparert løyper dagleg til dei som likar å trena og vera aktive innan langerenn. Om kvelden er det lysanlegg i delar av løypa. Det vert òg køyrd opp spor i turterrenget heile vinteren.
Bruk hytta året rundt
Når snøen er borte om våren, kan ein nytta skianlegget sitt asfalterte løypeanlegg, eller nytta dei mange familievennlige turløypene. Dei som likar større utfordringar, kan gå i flott uberørt natur på høgfjellet. Om hausten kan ein få kjøpt jaktkort på småvilt av Grunneigarlaget, eller kjøpa løyve på hjort av jaktfelta i området. Ein kan òg prøva fiskelykka i eit av dei mange fjellvatna i området.
Kort veg til alt
Vossevangen med alt Voss sentrum har å by på, er berre ein kort køyretur unna Voss hyttegrend. Handel, kaféar, aktivitetar, arrangement og festivalar. Her skjer det noko heile året, enten du vil delta sjølv eller heller vil la deg underhalda.